Årsmøte Herøy AP 2017

.

Årsmøte HAP
Onsdag (01.02.17) var det årsmøte i Herøy Arbeidarparti. Hovudtema for møtet var valkamp, vanlege årsmøtesaker og innmelde saker. Vi fekk besøk av Anne Kristin Bryne frå Ålesund Arbeiderparti, som  heldt ei inspirerande innleiing om valkampen som står framføre oss dette året. 

Oppsummering av året 2016   

I årsmeldinga kjem det fram at det har vært eit roleg år med fokus på utvikling av organisasjonen. Det har vore arrangert medlemsmøte. Stand i samband med arrangement i Fosnavåg. Og nokre interkommunale møter. Det vart ytra ynskje om enda meir aktivitet innad og utad i partiet. Dette fell naturleg på eit valår, men i tillegg vil partiet jobbe for enda meir aktivitet for alle medlem.      

Medlemstalet hadde ei lita auke til 93 medlemer. Vi held dermed 5 representantar til fylkesårsmøte i mars. Kasserar kunne vise til eit positivt økonomisk resultat og at partiet har ei god økonomisk styring.    

Gruppeleiar Viktige saker som vart nemnd frå 2016 var mellom anna brua over vaulane, deponisaka og kommunereform. Styret og partiet er svært nøgd med den gode jobben kommunestyregruppa gjer for partiet og kommuna.     

Nytt styre   

I styret dette året vart det to utskiftingar. Reidun Myrvågnes tok ikkje gjenval som nestleiar og Hildur Lid Hole går av som styremedlem. Inn kjem Gerd Kopperstad som nestleiar og Lilly-Arlen Larsen som styremedlem. Vi takkar utgåande styremedlemer for god innsats og ynskjer dei nye velkomne.    

Styret ser no slik ut:   

 1.         Frode Hammerseth, (ikkje på val) Leiar 

 2.         Gerd Kopperstad, Nestleiar (ny) 

 3.         Leiv Aarflot (ikkje på val), Kasserar 

 4.         Svein Gjelseth, (gjenval) 

 5.         Sofie Fylling Salvatierra, AUF 

 6.         Arnstein Selvåg, (ikkje på val) Sekretær 

 7.         Lilly-Arlen Larsen, (ny) 

 8.         Camilla Kvalsvik Aksnes, (ikkje på val) 

 9.         Ronny Frøystad, (ikkje på val)     

Innmelde saker til årsmøte i Møre og Romsdal   

Det vart ein fin debatt rundt innkomne forslag og vi valde å gå vidare med fylgjande forslag:   

·         Finansiering av NRK

·         Norske løns- og arbeidsvilkår på norsk sokkel