Årsmøte 2016

Onsdag 02.03 var det årsmøte i Herøy Arbeidarparti.

original_1478643368_6571171

På onsdag var det årsmøte i Herøy Arbeidarparti. Hovudtema for møtet var kommunereform og vanlege årsmøtesaker. 

Oppsummering av året 2015

I 2015 var det valår og mykje av verksemda i partiet omhandla dette. Herøy Arbeidarparti er godt fornøgd med auka frå 6 til 10 representantar i kommunestyret, samt ei medlemsauke på 29 % i 2015. Det var også arrangert to medlemsmøte i 2015 der det var svært godt oppmøte. Det har og vore arrangert valkampskulering av listekandidatane, med gjennomgang av programmet.

Viktige saker som vart nemnd frå 2015 var byutviklinga i Fosnavåg, deponisaka og bru over Vaulane.

Nytt styre

Ronny Frøystad valte å ikkje stille på nytt som leiar, men fortset som styremedlem. Frode Hammerseth vart valt som ny leiar. I tillegg var det nokre utskiftingar. Utskiftingane var i samhøve til innstillinga frå valnemnda og vart godtatt av årsmøte ved akklamasjon.

Det nye styret ser no slik ut:

1. Frode Hammerseth (ny), Leiar

2. Reidun Myrvågnes (ikkje på val), Nestleiar

3. Leiv Aarflot (attval), Kasserar

4. Svein Gjelseth (ikkje på val)

5. Sofie Fylling Salvatierra (ny), AUF

6. Arnstein Selvåg (attval), Sekretær

7. Hildur Lid Hole (ikkje på val)

8. Camilla Kvalsvik Aksnes (ny)

9. Ronny Frøystad (attval)

Vara:

• Robert Kleppe (ny)

• Sofie Arntsen (attval)

• Runar Stave (attval)

• AUF (ny), AUF personleg vara

Kommunereforma

På møtet var kommuneforma diskutert. Svein Gjelseth innleia debatten, blant anna med å vise ein kortfilm av korleis ei samanslått kommune i Nederland hadde løyst utfordringa med organiseringa av dei kommunale tilsette. Filmen kan du sjå her: https://www.youtube.com/watch?v=myIM30Q2H5o.

I debatten vart det argumentert både for og i mot reforma. Ein av hovudutfordringane for begge partane var informasjonsgrunnlaget for reforma og korleis innbyggjarane skal få presentert argumenta på ein god måte i forkant av folkerøystinga.

Innmelde saker til årsmøte i Møre og Romsdal

• Auka studiestøtte fordelt på 11 månadar