Bli med på laget!

For å ha nok innflytelse til å vinne dei framtidige kampane, så treng vi fleire medlem/støttemedlem

14706769_1092952494123954_8625454130095527888_o_1480279677_1816406
Som ein slagkraftig kystkommune, bør øyriket Herøy styrke sin politiske posisjon i fylket. Dette kan du vere med å påverke!

                                                                                                                                               Å melde deg inn i Herøy Arbeidarparti er enkelt! Medlemskapet er anonymt, og du bestemmer sjølv om du vil vere støttemedlem, eller eit aktivt medlem.  Det er utruleg viktig for Herøy at dei forskjellige partia har ein høg medlemsmasse. Sjå berre på korleis partilaga på Nordmøre påverkar fylkespartiet sin politikk. Dette skuldast deira høge medlemstal.  

Ved å bli medlem i Herøy Arbeidarparti, gjev du partiet større påverknad i fylkespolitikken, i saker som til dømes regionreform, samferdsel, skulestruktur eller kven som skal vere fylkesleiar, fylkesordførarkandidat, stortingskandidat m.m. Fleire medlemar = fleire mandat i fylkesårsmøtet til partiet.  

Du blir medlem ved å melde deg inn på www.arbeiderpartiet.no/blimed . Her kan du velje å anten få faktura å tenke over medlemsskapet, eller betale med visa/mastercard med ein gong! Du har også moglegheita til å bruke SMS; send "nymedlem AP" til 2077.  

Bli med å gjer politikken betre i Herøy, eller bli medlem og la oss gjere jobben for deg :)  

Med venleg helsing, 

Styret