Fagpolitisk konferanse

Oppsummering av fagpolitisk konferanse 3-4.02.17

Fagkonferanse
I helga var Herøy Arbeidarparti på fagpolitisk konferanse i Molde. Deltakarane frå Herøy var Frode Hammerseth, Gerd Kopperstad og Leiv Aarflot. Konferansen vart arrangert i regi av LO og Arbeidarpartiet. 

                                                                                                                Innleiiarane heldt eit svært høgt nivå og det var både lærerikt og inspirerande å høyre på. Det var stor semje om at for å få ei regjering med AP i spissen, så treng ein god oppslutning i fagbevegelsen og eit godt samarbeid mellom partiet og fagorganisasjonane. 

Her kjem ei kort oppsummering frå hovudinnleiarane: 

Anette Trettebergstuen, AP: 

Anette fokuserte på korleis AP kan vinne valet og kvar vi burde være sterke for å overvinne høgresida. Ho meinte at ein burde være i takt med folket og fokusere på politikk som gjev resultat. Det vart nemnd fleire eksempler der dagens regjering var i utakt med folket og deira mangel på å satse der det trengs. Når regjeringa ser at dei er utakt med folket, så vel dei å kamuflere eigen politikk ved å ikkje snakke om den eller skulde på eksterne faktorar. Arbeidsløyse er omdøpt til omstilling og politikk som ikkje er samstemd med deira meiningar er føleri. 

Konsekvensen av denne politikken har vært auka arbeidsløyse, aukande forskjellar, sentralisering og privatisering. Ho understreka difor viktigheita om å snakke om Arbeidarpartiet sine løysingar knytt til desse områda og framheve forskjellen på Arbeiderpartiet og regjeringa.   

Steinar Krogstad, Fellesforbundet: 

Steinar talte med stor energi om politikk og fordelane av eit organisert arbeidsliv. Han understreka at politiske forslag burde være gjennomførbare. Slik at folk veit kva dei røyster for og at har trua på at dette kan gjennomførast. Han fokuserte på fleire faktorer som gjer Noreg unikt når det kjem til arbeid og kva dette hadde å seie for den norske gåta. Han hadde erfart at blant annet kompetanse i praksis, innflytelse i eget arbeid, anvendelse av ny teknologi var viktige faktorer for at Noreg lykkes slik som vi gjer. Dette er faktorer som er vanskelege å måle i standardiserte målingar og kan difor være svaret på den norske gåta. 

Fast ansettelse meinte han var eit konkurransefortrinn for føretaka framføre kontrakter og midlertidigheit. Gjennom organisering og den norske modellen står arbeidstakere sterkt i Noreg. Likevel er det dei velstående som er mest organisert. Til slutt la han vekt på at den viktigaste fordelinga i Noreg skjer gjennom arbeid.           

Arnt Silseth, LO: 

Arnt kunne meddele at LO er ein sterk støttespelar til AP og at det er god oppslutning for Arbeidarpartiet i LO. For å vinne valet meinte han at det var viktig å få unge til å røyste. Skattelette reduserer ikkje arbeidsløysa og han frykta at Noreg er i ferd med å låse seg inn på ei høg arbeidsløyse, om det ikkje kjem tiltak for å hindre dette. Det offentlege bør drivast offentleg, og burde verken være fullprivatisert eller u/systematisk delprivatisert. Han ynskja eit tydeleg Arbeidarparti som definerte gjennomførbar politikk, grøn arbeidsplass - kva er det? Det er viktig med ei regjering som tek sysselsetjinga i Noreg på alvor, og difor bør neste hovudtillitsvalt i Noreg vere Jonas Gahr Støre.  

Olav Gjerland, Sparebank1 

Olav hadde hovudfokus på den 4. Industrielle revolusjonen. Han hadde god tru på MR som eit framifrå fylke når det kjem til verdiskaping og utviklingsevne. Han drøfta spørsmålet “Kva skal vi leve av?” og hadde fokus på at også “alle skal med” i framtida. MR er eit fylke med god næringsstruktur og framtidsutsikter og det var difor viktig å definere rammene for vidare utvikling for framtida. Ein må ha fokus på å skape, og tørre å utfordre!   

Yngve Haagensen

 Haagensen starta innleiinga si med å argumentere for god inkludering av alle i samfunnet og ta spesielt godt vare på innreisande. Noreg treng å utvikle haldningane sine for å møte eit meir globalt samfunn i framtida. Drivkreftene i Noregs fellesskap er tilgongen til arbeid, bolig og utdanning. Velferdssamfunnet kom før oljen. Haagensen ynskte at ein burde halde ideologien levande og være tru mot den. Bevisstgjering rundt eigne haldningar vil være eit viktig våpen for å bekjempe sosial dumping også i framtida. Noreg treng ei regjering som spelar med og ikkje mot arbeidstakarane. Arbeidsmiljølova er komen for å bli og er eit konkurransefotrinn for Noreg. 

Han understreka at politikk ikkje er noko skummelt som få burde ha for seg sjølv, men som er kvardagsleg og som omhandla alle

Til slutt avslutta han sitt innlegg med fylgjande tanke: “Det er ein grunn til at hjarte ligg til venstre, og blindtarmen til høgre”.