Fylkesårsmøte

I helga deltok Herøy AP på fylkesårsmøte på Rica Seilet i Molde.

original

I år hadde Herøy AP fem delegatar til årsmøte. Delegatane som møtte var Svein Gjelseth, Sofie Mere Arntsen, Reidun Myrvågnes, Frode Hammerseth og Gerd Kopperstad.

Ivrig debatt

På laurdagen var det debatt innleia av stortingsrepresentant og sentralstyremedlem Terje Lien Aasland. Tema var «Den politiske situasjon» der hovudfokus var å ta heile landet i bruk, by og land hand i hand, arbeidsløyse, innvandring og regjeringsskifte i 2017.

Over 50 ivrige delegatar var oppe på talarstolen for å kome med sine meiningar og kvaliteten på innlegga var høgt. På Facebook skriv fylkessekretær Egil Ekhaugen: «I min tid som fylkessekretær har det ikke blitt framført så mange gode innlegg.»

Under debatten blei heile 16 ekstra forslag overlevert til redaksjonskomiteen.

Eige integreringsutval

Det var eit samla årsmøte som var eining i at innvandringsdebatten burde handle om integrering framføre innstrammingar. Terje Lien Aasland kritiserte Sylvi Listhaug og hennes partifeller for å systematisk kome med innstrammingsforslag kvar gong andre parti sa noko om innvandring og måten ho spreiar frykt for innvandrar i den norske befolkninga. Fleire var på talarstolen for å tale om dette temaet. Og årsmøtet var godt nøgd med styret sitt forslag om å etablere eit integreringsutval i fylkespartiet.

Arbeidsløysa

Debatten tok også føre seg næringslivet og arbeidsløysa i fylke. Terje Lien Aasland understreka betydinga av å få ned arbeidsløysa. I debatten var mange på talarstolen for å kome med gode tiltak til å senke denne. Nokre av forslaga var svært konkrete og detaljrike og fleire av forslaga falt i god jord hos debattinnleiaren og deltakarane.  

Tok ordet for viktige regionale prosjekt

Sistemann på talarstolen i debatten var Herøy sin delegat Svein Gjelseth. Han snakka varmt om verdiskapinga i fylket vårt og utviklingsmoglegheitene vi har. Han tok også føre seg transportetatane sitt forslag til NTP. Her understreka han viktigheita av dei store samferdselsprosjekta på E-39 og Stad skipstunnel. Han avslutta innlegget med ei sterk oppmoding til Terje Lien Aasland, og våre to stortingsrepresentantar Else May Botten og Fredrik Bjørdal om at desse prosjekta måtte få ein annan prioritet enn det samferdselsetatane no la opp til. Dette var prosjekt som var lite nemnt i debatten elles og var derfor viktig å få nemnt frå talarstolen. Svein fekk også overlevert saka om 11 månaders studiestøtte til redaksjonskomiteen.

Fekk gjennomslag

På søndag blei innkomne forslag vidare debattert. Delegatane var fortsatt ivrige til å ta ordet og endrings- og tilleggsforslaga kom inn frå alle kantar. Dette gjorde at forslaga vart nøye gjennomgått og blei vel formulerte. Og førte til at dei fleste sakene fekk eit bredt fleirtal. Forslaget om 11 månaders studiestøtte vart føreslått sendt til kyrkje, utdannings- og forskningsfraksjonen i stortinget. Frode Hammerseth tok til ordet i saka for å understreka betydinga om å få med dette i Arbeiderpartiets alternative budsjett for 2017. Saka og tilleggsforslaget blei godtatt av årsmøte med stort fleirtal.