Løns- og arbeidsvilkår på norsk sokkel

Forslag av Herøy AP v/Arne Ringstad

coverbilete

I kommunestyret 24.11.16 kom Arne Ringstad frå Herøy Arbeidarparti med eit forslag til uttale angåande løns- og arbeidsvilkår på norsk sokkel.   

Her kan du lese innleiinga og forslaget:

Til Herøy kommunestyre.  

I Herøy kommune er det busett mange sjøfolk, og denne næringa er viktig for Lokal samfunnet.

Mange av disse sjøfolka står no i fare for å miste jobben og bli erstatta av billegare utanlandsk arbeidskraft. Konsekvensane for det norske samfunn og Herøy kan bli store dersom so skjer, ved at arbeidsplassar og skatteinntekt forsvinn. Dette vil og ha stor påverknad for den maritime industrien langs heile kysten. Norske sjøfolk er navet i den norske maritime næringa som er landets største etter petroleumssektoren. 

Det er frå mange kommuner og alle sjømannsorganisasjonane, kome fram store bekymringar for framtida til norske sjøfolk om ikkje det blir teke grep frå styresmaktene.  

Underteikna ber om at Herøy kommunestyre sluttar seg til følgjande uttale som oversendast regjering og storting. 

Forslag til uttale

For å bevare ein av grunnsteinane i norsk arbeidsliv og innovasjon i det norske samfunn, er det særs viktig at norske lønns- og arbeidsvilkår skal gjelde når fartøy trafikkerer i fast rute mellom norske havner eller arbeider i norske farvatn og på norsk kontinentalsokkel. Regjeringas eige fartsområdeutvalg tilrådde i 2014 ei utgreiing om krav til norske løns- og arbeidsvilkår på norsk sokkel utan at dette er fulgt opp. Vi krev at det vert sett fortgang i denne utgreiinga for å sikre framtida for den norske maritime næringa. 

Arne Ringstad    

Forslaget vart einstemmig vedtatt.   

Sjå behandlinga av saka i kommunestyret her:

http://heroy.kommunetv.no/bruker/Default.aspx?movieID=97&start=16173&end=16428&duration=255&sid=1&cid=1

Om du ynskjer meir informasjon om saka og om dette er mogleg å gjennomføre, sjå vedlegget "Norske lønns- og arbeidsvilkår i norske farvann?"