STEM MED HJARTE

Innlegg skrevet av Frode Hammerseth.

original_1478639756_0093725

Eg har jobba mykje med motivasjon og motivasjonsfaktorar. Glede er den motivasjonsfaktoren som oftast blir nytta og er ein viktig og positiv motivasjonsfaktor, men kanskje er smerte faktoren som er enda viktigare. Etter eit opphald i politikken så er det nok dessverre smerte som har motivert meg til å kome tilbake. Min foreldre- og besteforeldregenerasjon har bygd dette fantastiske landet vi bur i, men no bekymra eg meg på vegne av mine barn, fordi det no føregår ei nedbygging av dette landet som tidlegare generasjonar har skapt.

Eg oppfordra dykk til å lukke augo å føle smerta til bøndene som kjempa mot Listhaug, mødrene som må jobbe søndagar, lærerane som må streike for å behalde dagens fleksitid, ungdom som står utan jobb og ikkje minst tusenvis av flyktningar som kjempa for livet.

Vi kan fortsatt være med å hjelpe dei som treng det mest. Alt eg ber om er å legge vekk logikken og følgje hjarte. Logikk blir ofte brukt i politiske debattar, men i motsetning til matematikken har ikkje disse «logikkane» alltid to strekar under svaret. Eksempelvis meina nokon at dette er logisk: skattelette + fri konkurranse = Redusert arbeidsledighet, mens andre meina at dette er logisk: Offentlig investering + fleire lærlingplassar = Redusert arbeidsledighet. Visst det finns fleire logiske svar på same reknestykke, korleis kan ein då vite kva som er rett? Her ber eg dykk igjen om å lukke augo og kjenne på magefølelsen. Stemmer du med hjarte, så vil du verken angre eller føle deg lurt i etterkant.

Eg oppfordra dykk difor enda ein gong: Stem ikkje på flotte retoriske talar frå høgresida, men stem heller med hjarte! Om du ikkje stemmer for deg sjølv dette valet, så være så snill å stem for dei komande generasjonane, slik at dei kan få ein like god oppvekst som du og eg fekk.

Godt val