Våre kjære gamle...

Lesarinnlegg skrevet av Jens T. Johnsen.

original_1478640050_4952981

”Mor, Mor - du døyr jo frå oss medan du framleis lever!” Eg stod der ved sengekanten hennar med barnet på armen og syrgde. Mor var komen til Vestlandet for nok ein gong å vere med i barnedåp. Men viktige ting var annleis denne gongen: Ho var berre meir og meir prega av demenssjukdomen!

’Det er haust - Blankver i fjellet – Skodda ligg tett nede i dalen. Kven vil då gå ned i skoddeheimen? Ho fekk ikkje noko val.’ (Ola Hunderi 2009)

Min generasjon blir eldre enn nokon generasjon før oss. Takk vere medisin og kirurgi kjem vi oss gjennom det eine angrepet etter det andre og blir retteleg gamle. Men undervegs kjem demenssjukdomane snikande. Berre dei aller næraste merkar det… Fem prosent av alle over 65 år blir råka, heiter det i dag. Og så aukar prosenten etter kvart.

Det kan vere einsamt i ’skoddeheimen’. Språket minkar, men nærveret blir berre viktigare. Nokon vender sakte tilbake til det aller første språket: Hudens språk – Stryke - Vere nær.

Ja, det kan bli tøft for dei næraste. Mange kjenner det – som vi gjorde – som at dei misser den kjære bit for bit og over lang tid. Då må dei gode kreftene stille opp:

  • Venekrinsen – må ikkje gløyme og hoppe over og sjå ein annan veg, men berre endå meir invitere, finne på ting som er kjekke å gjere saman!
  • Dei næraste må få avlasting og kunnskap så dei lettare forstår den sjuke og finn måtar å leggje til rette kvardag, fest og fritid!
  • Og samfunnet må kjenne si ’besøkelsestid’ og gjere sine prioriteringar!

I Herøy er det viktig at ’Pårørandeskulen’ og ’Dagsenteret for demenssjuke’ får halde fram. Likeeins at utbygginga av Omsorgsbustader med ulike pleienivå, av Heimesjukepleia og Sjukeheimane i Myrvåg og på Eggesbønes blir prioriterte. Og at dei tilsette får rett kompetanse og nok tid – to av uttrykka frå Arbeidarpartiet sitt program på landsbasis.

Dei gamle – friske som sjuke – treng trygge kvardagar. Dei treng stunder med oppleving, med engasjement, med humor, med minne! Stunder med nærleik og håp i!

Godt Val!